De siste 15 årene har prosessindustrien i Grenland hatt lite utvikling. Det har vore noko modernisering av teknologien, men det er først og fremst drifting av anlegga som har stått i fokus. Fleire av prosessbedriftene har for små fabrikker til å være konkurransedyktige, og industrien står framfor eit vegskilje: Skal vi bygge ned eller satse på vidare vekst basert på norske ressurser og norsk teknologi?

NOPEF Avd. 14 på Borealis er ikkje i tvil om at vi skal satse på vidare vekst i Grenland. Men til en slik utvikling treng distriktet direkte forsyning av gass, både tørrgass (metan), og våtgass (etan).

Petrokjemianlegga i Bamble er ikkje store nok til å være fullt ut konkurransedyktige, og det er planer om vidareutvikling. For å få til utviding av crackaren på Rafnes og polyolefinanlegga på Rønningen er vi avhengig av større mengder etan frå Kårstø. Dette etanet finst, og det må sikrast for Bambleanlegga, slik at gassen kan vidareforedlast her og bidra til verdiskaping for landet. Det vil være ei fallitterklæring for Norge dersom norsk gass berre vert brukt til verdiskaping i utlandet.

Ammoniakkfabrikken ved Hydro Porsgrunn Industripark går i dag på våtgass, og det er eit «råflott» råstoff, som i fjor kosta bedrifta fleire hundre millioner kroner meir enn om det hadde vorte brukt tørrgass som konkurrentane i Europa gjer. Med direkte forsyning av metan - i rørleidning til Grenland - vil ammoniakkfabrikken og Herøya bli konkurransedyktig. Andre mottakarar av tørrgass kan vere Norcem, magnesiumfabrikken på Herøya og anna næring og industri i Grenland. Ved å erstatte kull og olje med tørrgass vil også CO2-utslippet verte redusert. Gass i rørleidninger til Grenland vil derfor også være ein viktig miljøfaktor for området.

Ingen andre områder i Norge vil kunne avta større volum tørrgass til industrielle formål enn Grenland, og difor bør ei rørleidning verte lagt hit. På sikt kan vi gjennom rørleidning til Grenland forsyne heile Østlandet med gass, både offentleg og privat verksemd og transportsektoren. NOPEF Avd. 14 på Borealis seier:


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com