Det var 52 medlemmar tilstades, i tillegg P. Holter frå lønssystemutvalget.

H. Kjeldal leia møtet, H. Ødegård var referent.

Utenom dagsorden tok Hallgeir ordet og sa at han bakgrunnen for den frustrasjon og uroen som var i Vedlikeholdsmiljøet, men at man ikke måtte la denne frustrasjonen gå utover sine arbeidskollegaer. Det skaper et dårlig arbeidsmiljø og gavner ingen. Han manet til nullstilling og at vi nå så framover. Det ligger mange muligheter i det bedriften og klubben har blitt enige om.

Dagsorden:

1: Nytt lønnssystem.

Medlemsmøtet var innkalla for å ta stilling til om foreininga skulle jobbe vidare med forslaget til nytt lønssystem.

P. Holter gjekk gjennom bakgrunnen og forslaget så langt utvalet har kome til no. Det vart deretter opna for spørsmål til P. Holter. Deretter forlet han møtet og overlet til medlemmane i NOPEF Avd. 14 å diskutere forslaget.

Systemet slik det blei lagt fram på møtet har en fast forutsigbar del basert på antall år, og en fast "individuell" del basert på bidrag, ferdigheter og væremåter. Tilsammen utgjør dette årslønnen. Den "individuelle" delen vil bestå av en gruppedel og en personlig del. Vektingen vil være forskjellig avhengig av nivå. Basert på forslag fremsatt på møtet, vil klubben jobbe for at det i de to første nivåene skal gruppemål alene danne grunnlag for den individuelle delen av lønnen.

H. Ødegård reiste dette forslaget:

NOPEF avd 14 ynskjer eit nytt lønssystem på Rønningen og seier i prinsippet ja til at styret kan jobbe vidare ut i frå den framlagde skissa. NOPEF ynskjer eit lønssystem som gjev utteljing både for "spiss", "breidde" og ansiennitet. NOPEF presiserer vidare at vi i alle fall for dei gruppene som tradisjonelt har følgd eit tariffert løp ikkje ynskjer individuelle tillegg, men tillegg basert på gruppemål. For til dømes drift vil det seie mål for LBO.

H. Kjeldal delte avstemminga i to, for og mot at styret jobbar vidare med nytt lønssystem ut frå skissa som ligg føre til no, og for og mot individuelle tillegg i dei gruppene som har tarrifert løp i dag.

Avstemminga over det første punktet enda med at eit overveldande fleirtal gjekk inn for;

NOPEF Avd. 14 ynskjer eit nytt lønssystem på Rønningen og seier i prinsippet ja til at styret kan jobbe vidare ut i frå den framlagde skissa. NOPEF ynskjer eit lønssystem som gjev utteljing både for "spiss", "breidde" og ansiennitet.

Punktet: "NOPEF presiserer vidare at vi i alle fall for dei gruppene som tradisjonelt har følgd eit tariffert løp ikkje ynskjer individuelle tillegg, men tillegg basert på gruppemål. For til dømes drift vil det seie mål for LBO" vart vedteke mot 12 røyster.

Møtet heva kl. 1200.

Hans Ødegård - referent


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com