Det var om lag 50 medlemmar tilstades. J.A. Johnsen leia møtet, H. Ødegård var referent.

Dagsorden

  1. Godkjenning av valgliste for styre og bedriftsforsamling
  2. Nytt lønnssystem - status
  3. Eventuelt

1: Godkjenning av valgliste for styre og bedriftsforsamling

J. A. Johnsen orienterte om at fristen for å levere liste til valget gjekk ut 19.04.99. NOPEF vart derfor nøydd til å levere listeframlegget frå styremøtet den 19.04.99 som det endelege framlegget frå foreininga. Meininga var at medlemsmøtet skulle bestemme korleis lista skulle sjå ut, men dette glapp då valgstyret ikkje godkjende at NOPEF leverte si liste etter at fristen hadde gått ut. J. A. Johnsen beklaga at dette hadde gleppe for NOPEF. Han beklaga også at styret sitt framlegg ikkje hadde vorte sendt ut til medlemmane før medlemsmøtet.

2: Nytt lønnssystem - status

H. Kjørholt orienterte frå arbeidet i lønnsystemutvalget. Arbeidet i dette utvalget skal vere ferdig til 1. mai, deretter vert saka overleten til forhandlingsarenaen.

Frå NOPEF si side er det meininga å få til eit ope system med klare kriterium for opprykk, (ikkje trynetillegg), der flest mogleg har eit tarrifert løp. Bedrifta er interessert i eit system med ein variabel bonus på toppen. Framlegget til system så langt er med ei fast løn og ein individuell del på toppen. Den individuelle delen aukar etter som ein kjem oppover i rollenivåa. Det var semje om at for dei lavere nivåa må den individuelle delen vere lik for alle på same nivå.

H. Kjørholt kom med eksempel frå drift på korleis han tenkte seg at det nye systemet kan slå ut. Tilsette kan rykke opp i systemet ut frå både formell og uformell kompetanse og ansiennitet. Ein kan såleis rykke fortare opp i systemet med eigeninnsats, men alle skal kome opp.

H. Kjørholt kom også med eit døme på korleis bonus kan reknast ut i drift, ut frå innsatsen til fleire grupper.

Det vart stilt spørsmål om korleis systemet ville verke for andre grupper enn drift. H. Kjørholt svarte at han hadde teke døme ut frå drift for det var dette han kjende til. Foreininga må lage reglar for dei andre gruppene i samarbeid med dei som jobbar her.

Det kom ikkje fram nokon store motførestellingar mot det nye framlegget, men det vart understreka at det endelege framlegget må godkjennast av medlemmane.

3. Eventuelt.

Det var ingen saker under eventuelt.


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com