Denne veka har mykje tid gått med til dei overtallige p.g.a. MATT. Etter at dei tilsette i AMU fekk til eit vedtak som betyr at ein kan bruke tida ut året for å finne løysingar ser vi lysare på situasjonen. Vi jobbar no hardt med å finne løysingar den enkelte kan leve med.

Sjølv om mykje tid går med til MATT jobbar vi også vidare med å få investeringar og råstoff hit. Her må det spelast på fleire strengar og brukast mange kanalar. Heldigvis har vi med oss NOPEF både i Statoil og sentralt.

Vi har også jobba med meir trivielle saker i veka som har gått. Som eg skreiv i forrige E-post ville vi ta opp i BU at vi no må betale for brød, mjølk og juice. Det gjorde vi, men det var lite å hente. Bedrifta beklaga at dei hadde informert for dårleg, men dei hadde bestemt at bedrifta skulle spare dei 500.000 som ligg i at vi no må betale for dette.

Nokre medlemmar har nettopp fått nye medlemskort i NOPEF. Der står forsikringane som er inkludert i kontingenten, men toppsikringa der ikkje nemnt. Eg har fått spørsmål om dette. Grunnen er at toppsikringa er ei lokal forsikring som den enkelte betalar ved sida av kontingenten.

Ha ei god helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com