Eg vert vekk i morgon og byrjinga av neste veke, så eg fann ut at eg skulle skrive ukeaktuelt i dag.

Eg har fått ein del spørsmål rundt intervjuet med Roy Vardheim i avisene i dag. I samband med det dårlege årsresultatet varslar han at det vil kome nye reduksjonar i talet på tilsette. Eg lurte sjølvsagt på kva dette var for noko og tok kontakt. Roy Vardheim seier at han ikkje har nokon konkrete planar om ytterlegare reduksjonar. Det han prøvde å seie til media var at det truleg vil kome nye kutt i framtida.

I samband med raseringa av norsk industri har mellom anna NOPEF, Fellesforbundet, OFS, NIF og NITO gått saman om ein politisk streik fredag 28. februar mot regjeringa si manglande industripolitikk. (Eg legg ved grunnlaget for streiken). I Stavanger skal det vere ei stor markering. NOPEF-avdelingane i Bamble har diskutert denne streiken. Vi støttar sjølvsagt fullt ut grunnlaget for streiken. Dersom det ikkje vert ein meir aktiv industripolitikk med ein lavare kronekurs risikerer vi at heile industrien forsvinn. NOPEF-avdelingane i Bamble har likevel kome til at vi ikkje har ein politisk streik i morgon. Vi hadde ein fantastisk markering for framtida til Grenland 20.02, og vi trur at det vert vanskeleg å mobilisere til ei ny markering no. Vi markerer difor aksjonen med ein felles pressekonferanse i morgon.

Når det gjeld Gass til Grenland vert den neste månaden avgjerande. Vi held trykket oppe mot Stortinget.

Elles vert arbeide rundt MATT viktig framover. Det første vert å få så mange arbeidsplassar som mogleg til Rønningen. Deretter får vi sørgje for at dei tilsette får best mogleg vilkår. Her har vi eit samarbeid med NIF og NITO.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com