Hei og takk for ein strålande dag i går!!!

Det var ei fantastisk markering for Grenland, ja for heile Telemark. Det var spesielt positivt med bredda i markeringa, frå offentleg og privat sektor, ungar og pensjonistar. Vi fekk verkeleg markert at alle i Grenland vil satse på ei framtid for industrien. Markeringa gjorde også sterkt inntrykk på komiteen. Det sa fleire representantar i går og dei gjentok det i dag.

Vi på Borealis fekk markert oss med store plastpølser som gassrør. Gunnleik Lofthus, Ronald Arf Pedersen og Kjetil Vala gjorde ein kjempejobb med å med å få "gassrøra" på plass.

I dag var komiteen på besøk på Borealis. Det var Telemark Gassforum som var vertar og direktør Per Wold frå Herøya snakka om tørrgass og Roy Vardheim om våtgass. Dei var gode og fokuserte på at staten må inn og finansiere ei gassleidning hit. I det heile må vi kunne oppsummere at besøket komiteen hadde i Grenland var særs vellukka. Vi har ikkje tenkt å gje oss no, vi kjem til å halde opp trykket mot komiteen fram til behandlinga av gassmeldinga i stortinget 27. mars.

Så vil eg minne om årsmøtet i NOPEF avd. 14 den 5. mars.

Ha ei god helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com