No vert livet lettare, sola skin og her er ukeaktuelt frå NOPEF avd. 14.

Det viktigast denne veka var vel besøket til John Taylor. Taylor er god til å snakke utan nødvendigvis å seie så mykje. Slik eg tolkar det han sa var det positive signal. Taylor sa konkret at det må satsast på alle fabrikkane her for å få eit produktspekter med betre marginar. Han sa vidare at Rønningen må få fram prosjekt som fjernar flaskehalsar i produksjonen. Når det gjaldt spørsmålet om ny stor fabrikk på Rønningen svarte Taylor at ut frå beslutta råstoffsituasjon, 950.000 tonn, trudde han ikkje det var spesielt lurt å erstatte dei noverande fabrikkane med ein ny stor. Det vil gje få tilsette og ein lite fleksibel produksjonsstad. Det har han sjølvsagt rett i. Vi har då også heile tida meint at den nye fabrikken må kome i tillegg til dei vi alt har. Dette vert då sjølvsagt avhengig av at vi får nok råstoff.

Det bringer meg over på neste tema: Kampen for gass til Grenland. Som vel dei fleste no har fått med seg vert det ei stor markering ved Folkets Hus i Porsgrunn torsdag 20. februar kl. 1800. Dette vert den sjansen folk i Grenland får til å vise Energi- og Miljøkomiteen at vi vil satse på industrien i området. Det er difor viktig at alle møter opp. Ta med ektefellar/sambuar, barn og naboar. Send invitasjonen frå LO til alle du har E-postadressa til og be dei om å sende invitasjonen vidare. Det går ein buss frå Langesund, ein frå Gulset og ein frå Landmannstorget i Skien kl. 1700. Retur kl. 2015. Frå Rønningen har vi planar om å ta med oss fleire store plastpølser som vi vil blåse opp for å symbolisere gassrøret vi vil ha.

Frå Tone Aalstad har eg fått forslag om at vi på markeringa syng refrenget frå gassketsjen i siste revyen. Her er teksten:

(Melodi Om eg var ein rikmann)

Om vi fikk et Gassrør !
Et sånt blankt og vakkert rør med riktig masse våtgass i !
Hadde Grenlands Petro-industri
Fått en fremtid lys og blid !

Gi oss gass til Grenland
Gi oss både våt og tørrgass, la oss få det inn i rør
Sånn at industri'n her nede tør
Satse som de gjorde før

(Dette er refrenget fra revynummeret, hele greia er nok litt for krevende for allsang. Tone)

Når det gjeld MATT sit NOPEF, NIF og NITO i ei gruppe saman med bedrifta for å diskutere prosessen med reduksjonar i R&D. Vi er ikkje komne så langt i dette arbeidet enno.

Så vil eg ynskje alle god helg og også god ferie til dei som skal ha det.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com