Så var det positivt nytt for ein gong skuld. NOPEF har jobba for å bevare portvakta på skift heilt sidan planane om innskrenkingar vart lagde fram. Vernetemesten har også jobba med dette. Til slutt vann argumenta for å bevare portvakta på skift fram. Vi får glede oss over dei sigrane vi får!

Torsdag og fredag var Olaug og eg var på eit seminar om bruk av gass i Norge. Det var NOPEF og Kjemisk som arrangerte seminaret med representantar frå alle gass- og oljeanlegga frå Tjeldbergodden til Grenland. Utfordringane og planane for alle stadane vart lagde fram og vi fekk forklart kor alvorleg situasjonen vert på Rønningen uten meir råstoff. Dette vart også spesielt understreka i vedtaket frå seminaret som vart sendt Energi- og Miljøkomiteen på Stortinget.

Dette fører over til neste tema: Fakkeltoget torsdag 20. februar. Toget for å markere støtte til framtida Grenland går frå plassen ved Folkets Hus i Porsgrunn kl. 1800. Dette gjeld alle i Grenland, ikkje berre oss på Borealis! Ta med familie og vener og møt opp! Nærare informasjon kjem seinare.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com