Etter 3 veker på den afrikanske landsbygda var det ein overgang å kome att til norsk kulde. I Afrika vart vi møtt med varme i dobbel forstand. Sjølv om det var litt skuffande å oppdage at eg ikkje har vore uunnverleg var det godt å sjå at vi har eit arbeidsutval og styre som fungerer om leiaren er borte.

MATT har vel vore den store lokale saka medan eg har vore borte. Med ein varsla reduksjon av bemanninga på over 20% seier det seg sjølv at det vert mange tunge tak. Eg vil likevel minne om at det for eit år sidan var sterke krefter i konsernet som ville legge ned heile forskingssenteret på Rønningen, så med dette utgangspunktet vart resultatet betre enn vi ei stund frykta. Her har det vore jobba godt spesielt frå NOPEF si side, men også av NIF og NITO. No vert det sett ned grupper som jobbar vidare med konkrete løysingar.

Elles vert arbeidet med råstoff og investeringar den store saka også i år. Tida fram til Gassmeldinga vert behandla i Stortinget vert avgjerande. LO og NOPEF jobbar godt med dette, så vi får berre satset på at resultatet vert bra.

Det var det eg rakk i dag, eg skal nemleg på eit møte i Porsgrunn om gass til Grenland. Nytt frå forbundet får eg sende ut seinare.

Ha ei god helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com