Godt Nyttår alle saman!

Vi får vel velje å vere optimistar og satse på at det vert eit godt år.

Eg håper dei fleste har hatt ei fin jul- og nyttårshelg. For oss på dagtid var heilagdagane i år gunstig plassert, så mange hadde lang ferie. For dei som måtte vere på jobb var det verre med den kulda som har vore. Vi kan i alle fall oppsummere at det ikkje er spesielt genialt å ha marknadsstopp i norsk vinter. Det fører både til farlege situasjonar, mykje arbeid og auka kostnader.

Arbeidet med strukturen for forskingsarbeidet i Borealis, MATT, vart behandla i Borealis sitt styre før jul. Resultatet vert kjent rundt 21. januar. Vi får håpe at det arbeidet som mange gode krefter med Olaug Hole i spissen har lagt ned for forskingssenteret på Rønningen har vore vellukka.

Eg reiser no på ferie fram til 29. januar. Nestleiar Olaug Hole vil fungere som leiar i denne perioda.

Ver forsiktige på glatta!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com