Her kjem høgdepunktet i veka, ukenytt frå avd. 14:

ICEM-konferanse i Roma.

Forrige veke var Thove Johansen og eg delegatar på ICEM-konferansen i Roma. ICEM er den internasjonale Kjemi- , Energi-, Gruve- og Fabrikkarbeider-føderasjonen. NOPEF er medlem av denne føderasjonen. ICEM er delt opp i fleire seksjonar og Lars A. Myhre, den tidlegare leiaren av NOPEF, leiar energiseksjonen. Det var denne seksjonen som hadde konferanse i Roma. Det var 300 delegatar frå 54 land. Det var interessant å vere til stades og høyre om erfaringane frå andre land. Eg er glad for at ICEM er så opptekne av at Kyoto-avtalen om drivhusgassar må følgjast opp. Det er klart at dette vil få konsekvensar nettopp for den industrien der ICEM organiserer dei tilsette, men dersom ikkje utsleppet av drivhusgassar vere kraftig reduser vil konsekvensane for miljøet verte mykje større.

Som den einaste i den norske delegasjonen hadde Thove Johansen ordet frå talarstolen. På kort varsel heldt ho eit innlegg om likestilling i Norge.

Vi nytta også høvet til å jobbe for investeringar og råstoff. Eg hadde møte med Lars A. Myhre og dei tillitsvalde i Statoil. Dei neste 6 månadene kan verte avgjerande for framtida på Rønningen.

Medlemsmøtet.

Onsdag var det medlemsmøte med om lag 30 stykker til stades. Eg sender referatet ut saman med denne infoen, men eg vil her kommentere dei viktigaste sakene:

Val av tillitsvalde.

Det vart vedteke retningslinjer for val av tillitsvalde. Desse retningslinjene er sende til alle hovedtillitsvalde. Eg ber alle avdelingar velje lokal tillitsvald innan 15. januar og hovedtillitsvald og vara innan 31. januar. Eg skal ha beskjed straks vala er utført.

Retningslinjer for avstemming etter tarifforhandlingane.

Etter lønsoppgjeret i år var det sterk kritikk av at dei i LBO som var på jobb ikkje fekk høve til å stemme. Med dei små marginane lønsoppgjeret i vart vedteke kunne dette hatt betydning. Eg har difor lovt å gjere noko med måten avstemminga vert arrangert etter tarifforhandlingar. På vegne av styret la eg difor på medlemsmøtet fram eit forslag om at avstemmingane skulle arrangerast som urnevalg. Medlemsmøtet såg ikkje behovet for å endre praksis, og det vart med stort fleirtal vedteke å ha avstemminga på medlemsmøte som før. Til dei skiftgåande vil eg seie: Eg prøvde i alle fall å gjere noko med problemet.

Endringar i kantina.

Medlemsmøtet gjorde dette vedtaket: "Medlemsmøtet i NOPEF avd. 14 04.12.02 protesterer på det sterkaste på bedrifta sine planar om å skilje ut kantina. Vi finn det uakseptabelt at løns- og arbeidsvilkår skal avgjerast gjennom anbod. NOPEF avd. 14 meiner difor at kantina sitt forslag til kantinedrift må verte prøvd."

Endringer i portvakta.

Dette forslaget vart vedtatt: "Medlemsmøtet i NOPEF avd. 14 04.12.02 kan ikkje akseptere bedrifta sine planar om å bemanne portvakta berre på dagtid. Portvakta har viktige tryggleiksmessige funksjonar som trengst heile døgnet. Portvakta er dessutan ein viktig stad som alternativ arbeidsplass."

Ha ei god og sikker helg.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com