Eg var ikkje på arbeid fredag, så difor kjem ukenytt i dag. Eg håper dei fleste har klart seg gjennom helga likevel!

Ny driftsstansavtale.

Torsdag var det forhandlingar om ny driftsstansavtale. Som kjent sa bedrifta opp denne avtalen under lønsforhandlingane. Vi påpeikte den gongen at bedrifta hadde meir bruk for ein avtale enn vi hadde fordi det låg stor grad av fleksibilitet i avtalen. Under forhandlingane om den overordna avtalen for Noretyl, Beredskapen A/S og Borealis, Petrokjemiavtalen, vart det semje om at alle bedriftene skulle ha ein driftsstansavtale. No på torsdag hadde bedrifta innsett verklegheita. Vi fekk difor tilbake den gamle avtalen med eit par små endringar, mellom anna er det no presisert at avtalen berre gjeld på Rønningen. Leif Karlsen og Steinar Køller gjorde ein god jobb under desse forhandlingane.

Gasskonferanse på Skjærgården.

Som dykk sikkert har sett arrangerte Telemark Gassforum og Vekst i Grenland Gasskonferanse mandag 11. Einar Stensnes nemnde ikkje våtgass i innleiinga si, men kom betre ut på direkte spørsmål. Terje Wold frå PIL var god og det same var Sylvia Brustad frå AP og Øyvind Vaksdal frå Fr.P i poltikarpanelet til slutt. Begge ville bruke statlege midlar til infrastruktur, dvs. gassleidning. Høgre var noko meir lunkne.

Gassmeldinga skal behandlast i Stortinget før påske. Tida fram til dette må no brukast til å jobbe politisk overfor Stortinget. Her vil vi bruke Olje- og Gassutvalget til LO-industri.

Det er vel litt tidleg, men kanskje eg skulle ynskje alle GOD HELG likevel!!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com