Så er nok ei arbeidsveke slutt, i alle fall for oss som arbeider dagtid.

Lønssystemet:

På tirsdag hadde vi eit møte med bedrifta om lønssystemet. Vi påpeikte at store delar av arbeidsstokken som tidlegare var i eit tariffert løp vil tilbake til det gamle lønssystemet. Bedrifta sa at det var dei heilt i mot. Ut over dette kan møtet oppsummerast i to delar, kva meiner vi bør endrast i lønssystemet og kva må avklarast. Som typisk eksempel på det første er spørsmålet om individuelle tillegg styrkar lagbygginga i til dømes LBO. Vi kan tenke oss at vi i nokre grupper berre har generelt tillegg og gruppemål. Som eksempel på det andre er korleis vert fagbrev belønna, korleis skal ein vurdere personar som har hatt permisjon osb. Det var semje om at vi og bedrifta skal ha eit heildagsmøte som diskuterer det nye lønssystemet. NOPEF vil innkalle styret og hovedtillitsvalde til dette møtet. Eg kjem tilbake til dato og stad.

Portvakta:

Onsdag var det styremøtet. Vi vedtok der at vi ikkje vil vere med i gruppene som skal diskutere at portvakta berre skal vere bemanna på dagtid.

Råstoff og investeringar:

Kampen for råstoff og investeringar held fram. I går og i dag hadde vi besøk av LO Industri sitt Olje- og Gassutvalg. Dei vart orienterte om kva problem vi står oppe i og kva som etter vår meining må gjerast. I tillegg til dei tillitsvalde fekk Roy Vardheim forklart dette tydeleg på Borealis i går og direktør Oddvar Kaland på Noretyl i dag. Utvalet fekk også ei omvising både på Noretyl og Borealis i dag. Medlemmane av utvalet vil no bruke krefter overfor Stortinget og dei store oljeselskapa. Vi får håpe at dette besøket er ein av dei dropane som til slutt fører fram.

Mandag arrangerer Vekst i Grenland Gasskonferanse i Badeparken. Borealis vert der representert med ei gruppe der Leif Karlsen, Ann Karin Pedersen og eg er med frå NOPEF. Konferansen er eit ledd i arbeidet med behandlinga av Gassmeldinga i Stortinget.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com