Gassmeldinga

I dag vart altså gassmeldinga endeleg lagt fram. Vi har vore spente på kva som ville stå om bruk av våtgass. Eg vil berre seie at det er grunn til å vere godt nøgde med det som står i meldinga. Ein del personar har sagt til meg i dag at meldinga er for lite konkret. Til det er det berre å seie at meldinga er veldig konkret til å vere ei stortingsmelding. Det arbeidet som har vore drive dei siste par åra har så langt fått positivt resultat i alle fall i regjeringa si gassmelding. Eg vil oppsummere meldinga på same måten som Telemark Gassforum: "Gassmeldinga gir eit godt grunnlag for vidare arbeid med gass til Grenland." Vi må nemleg heller ikkje gå i den fella å tru at råstoff til petrokjemiindustrien no er sikra.

Gassforum Rønningen, der NOPEF sit saman med NIF, NITO og Roy Vardheim, hadde møte i ettermiddag. Konserntillitsvald i Statoil, Lill Heidi Bakkerud, var også med oss. Vi var samde om at det no er viktig å jobbe opp mot Stortinget. Meldinga er nemleg regjeringa si melding som skal behandlast i Stortinget. Det er difor viktig at vi gjer vårt for at meldinga vert endå meir konkret etter behandlinga der. Vi vil også fortsette arbeidet overfor Statoil, Hydro og Borealis.

Ynskjer du å lese St.meld. nr. 9, Gassmeldinga, klikk her. Eg anbefaler å lese spesielt kapittel nr. 2, 4 og 7.

Møte med NOPEF i Statoil

På tirsdag, onsdag og torsdag var eg på Voss. Eg var invitert til å vere med på representantskapsmøte i NOPEF i Statoil. Det er veldig viktig for Rønningen at vi har god kontakt med kollegane der. Trass alt vert framtida vår i stor grad avgjort av Statoil. Som eg har sagt mange gonger har vi eit veldig godt samarbeid med Lill Heidi Bakkerud, men det er heilt personavhengig. Vi risikerer at neste konserntillitsvald knapt nok har høyrt om Borealis. Derfor er det viktig å få formalisert dette samarbeidet.

Som vanleg når eg er ute å reiser prøver eg å smake på lokal mat. Eg fekk diplom for at eg har ete saueansikt, eller smalahove, som det heiter.

Medlemskap i LO

Eg minner om denne E-posten eg sende ut tidlegare i veka: LO gir sine medlemmar ei nål etter 25 og etter 40 års medlemskap. For dei som berre har vore medlem av NOPEF er saka grei, i Stavanger har dei oversikt over når du vart medlem av forbundet. For dei som har vore medlem av fleire forbund er det noko verre. Oversikta over dette er ikkje god nok. Eg ber difor alle medlemmar som har vore medlem av andre LO-forbund enn NOPEF om å gje beskjed til meg om når dykk melde dykk inn i LO. OBS: 25- og 40-års medlemskap gjeld samanhengande medlemskap. Dersom du har vore utmeld av LO i ein periode er det siste innmeldingsdato eg vil ha. Eg vil også ha beskjed om du alt har fått nål i samband med 25- og 40-års medlemskap.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com