På grunn av reiser har det vore lite med ukeinfo i det siste. Eg vert vekk resten av denne veka også, så eg fann ut at eg må sende ut info i dag.

På medlemsmøtet i dag, der det var få tilstades, vart Per Svarstad valgt til vara i AMU for Jorunn Krogstad i staden for Geir Olsen som har bede om fritak og Sigmund Ufs vart valgd til vara i BU for Olaug Hole i staden for Tove Rymil som skal til Sverige.

Elles orienterte Olaug Hole om arbeidet i CCC, Konsernutvalget. Ho har brukt mykje tid der til vaksenopplæring av leiinga i konsernet når det gjeld å få dei tilsette med i prosessane som går. Eg orienterte om arbeidet med å få gass og investeringar til Rønningen.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com