No nærmar vi oss slutten på nok ei veke der mykje tid har gått til arbeidet med å skaffe råstoff og investeringar. I det store og heile brukar eg nok mesteparten av tida som ikkje går med til å diskutere omstilling til å jobbe for råstoff. Her har eg heldigvis gode medspelarar, både i klubbstyret lokalt, i forbundet sentralt og i LO.

Onsdag og torsdag denne veka var Olaug Hole, Ann Karin Pedersen, Leif Karlsen og eg i Stavanger på årskonferansen til Olje- og Gassutvalget til LO Industri. Vi klarte å få våtgass til Grenland inn både i arbeidsprogrammet og i ein uttalelse. (Det var ikkje med i utgangspunktet). Gassutvalget til LO Industri vil også legge sitt neste møte til Rønningen, truleg i byrjinga av november. Vi får då høve til verkeleg å fortelje kvifor auka produksjon på Vestbredda, (Rønningen og Rafnes), er viktig for oss, men også for heile Norge som industrinasjon. Vi var såleis godt nøgde då vi reiste heim i går.

I dag hadde vi møte i Gassforum Rønningen. Her sit medlemmar av NIF, NITO og NOPEF saman med Roy Vardheim. Det var i dag semje om at det no vert viktig med press på dei sentrale politikarane som igjen kan legge press på Statoil og Hydro. Det vart lagt planar i den samanheng.

I løpet av ei veke eller to kjem Gassmeldinga til regjeringa. Vi er alle spente på kva som står om våtgass i denne meldinga.

Som eg sikkert har sagt før: Tida fram til sommaren neste år kan verte avgjerande for framtida på Rønningen. Før det må vi ha eit vedtak om investeringar på Vestbredda.

God helg!

Helsing Hans>


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com