Så kan eg endeleg skrive ukeaktuelt med ein normal situasjon i drifta. Det trur alle er glade for.

Konferanse om lønssystem i Stavanger.

Onsdag og torsdag denne veka var 5 stykker frå styret på NOPEF sin konferanse i Stavanger om framtidige lønssystem. Onsdag var ope for alle med eksterne innleiarar, medan torsdag var berre for NOPEF. Konferansen hadde ikkje noko fasit-svar på kva som er det korrekte lønssystem, men det var mange innspel vi kan ta med oss i diskusjonen vidare. Innleiingane frå konferansen vert lagde ut på sida til NOPEF-kompetanse.

Tilbakemelding på kva løn du får.

Som vel dei fleste veit fekk vi inn i Særavtalen i år at alle tilsette skal ha beskjed før 1. september kva løn dei vil få etter den individuelle vurderinga. Til no er dei ingen som har fått denne beskjeden, 3 veker etter fristen. Dette er heilt uhaldbart, og vi har teke det opp med leiinga. Personalsjefen har fått klar beskjed om å ordne opp i dette, og ordne opp i rutinane sine.

Løn for 16. september.

Nokre av medlemmane har fått beskjed om at berre nokre grupper av dei permiterte ville få løn for 16. september. Vi har no fått slått fast at "de ansatte som på grunn av streiken var permitterte, på ferie eller avspasering den dagen, vil få betalt. Timelister føres som om de var på jobb denne dagen."


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com