Streikeslutt og arbeidsmiljø

Endeleg kan eg sede ut ei gladmelding. Vi får alle saman glede oss over at streiken er slutt.

Som eg har sagt heile tida skal vi jobbe saman når streiken er slutt. Eg vil derfor minne medlemmane om at også vi i NOPEF har eit stort ansvar for arbeidsmiljøet framover.

Medlemsmøtet på fredag kl. 1300 i Plenum går som planlagt. Vi får oppsummere erfaringane vi har hatt gjennom streiken. Kva burde vi gjort annleis, kva har vore bra.

Betaling for permiterte mandag 16. september

Torsdag 12. september hadde Leif Karlsen og eg eit møte med personalsjefen. På det møtet oppfatta vi begge to at personalsjefen sa at når det vart starta fleire fabrikkar skulle alle permitterte verte tekne inn i arbeid att. Det vekte difor reaksjonar då PP vart starta i helga utan at alle permitterte vart tekne inn på mandag. Personalsjefen sa i ettertid at det vi oppfatta på torsdag måtte vere dårleg formulert, for det hadde han aldri meint. Han understrekar at det ikkje har vore meininga å lure NOPEF. For å syne velvilje har bedrifta gått med på å betale dei permitterte løn frå og med mandag 16. september.

Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com