Som eg har informert om tidlegare set LO og forbundet grensa for streikebryteri ved bytte av skift for å erstatte personar som er i streik. (NHO har ein mykje vidare definisjon). Bedrifta hevdar no at det er mogleg å starte fleire fabrikkar utan å bryte LO sitt prinsipp. Vi ser heilt klart at vi har eit press om å få våre permiterte medlemmar i arbeid att, men det er viktig at vi ikkje svekkar streikevåpenet. Det kan ramme oss i neste runde. Bedrifta kjem til å kalle inn alle permiterte i LBO og starte opp PP, men vi har sagt i frå at å starte opp fleire fabrikkar enn det er vi heilt i mot. NOPEF avd. 14 har ikkje støtta streiken, men det er likevel viktig at vi ikkje fjernar heile grunnlaget for streiken.

Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com