Oppstart fleir fabrikkar?

Eg har vore i kontakt med forbundslaiar Leif Sande om å foreta skiftbytte for å starte opp fleire fabrikkar. Han er heilt klar: I det øyeblikket du byttar om på skifta for å køyre fabrikkane går du over ei grense og NOPEF ser på dette som streikebryteri. Det har NOPEF alltid hevda når vi har vore i streik sjølve og vi kan ikkje ha andre reglar når andre streikar. Leif Sande sa difor at vi ikkje kunne gå med på å bytte skift for å starte fabrikkane.

På medlemsmøtet i dag refererte eg dette. Medlemmane sa at vi ikkje kan gå i mot forbundet sitt syn, sjølv om det er stor frustasjon over at eit så lite mindretal av dei tilsette kan stoppe produksjonen.

Medlemsmøte 20. september.

Det vert nytt medlemsmøte fredag 20. september kl. 1300 i Plenum. Dei som er på jobb har framleis ansvar for å kalle inn dei som er heime!

Det kan også verte medlemsmøte på kort varsel dersom situasjonen tilseier det.

Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com