Det var medlemsmøte i dag som diskuterte utviklinga av streiken og kva som skjer framover. Det var forhandlingar i Stavanger i går. Det vart brot rundt midnatt og 45 kaiarbeidarar på Mongstad er tekne ut i streik. Dett er truleg ikkje nok til at YS får tvungen lønsnemnd for å få slutt på streiken.

På medlemsmøtet i dag var vi samde om at ein eventuell oppstart av PEL 2 er eit ledelsesansvar og at det såleis ikkje er noko som NOPEF skal seie ja eller nei til. Både forbundet og LO sitt juridiske kontor er heilt klare på at det å starte opp PEL 2 med NOPEF-medlemmar ikkje er streikebryteri så lenge vi ikkje byttar om på skifta for å erstatte dei som er i streik. Når det å starte PEL 2 såleis juridisk sett ikkje er streikebryteri vil det vere ordrenekt å la vere.

Det er no opp til leiinga å vedta kva dei vil gjere.

Det er medlemsmøte i Lille Kantina torsdag 12. september kl. 1300 for å diskutere situasjonen. Dei som er på jobb har ansvaret for at alle som er permiterte, har ferie, er på langfri osb. i si avdeling får beskjed om medlemsmøtet. Vi fekk kritikk i dag for at ikkje alle hadde fått beskjed.

Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com