Hei!

Dette har vore ei tung veka for mange av oss. Eg føler med dei som no vert permitterte.

Støtte til permitterte.

Medlemsmøtet i dag vedtok at klubben støttar dei permitterte med 700 kr. pr. karensdag for å redusere tapet dei får. For å ikkje tøme klubbkassa vedtok medlemsmøtet samstundes at dei som ikkje vert permitterte betalar 70 kr. ekstra i månaden i kontingent til klubben i 12 månader. Dette vart vedteke samrøystes og med dette sender klubben ut eit klart signal. Dette går inn i kjerna av det å vere fagorganisert. Du skal veta at når du har behov for det får du støtte og dei som er betre stilt støttar dei andre.

Rullering av permitterte.

Dersom streiken trekk ut vil foreininga gå inn for at det vert ei rullering av permisjonane der det er mogleg..

Nytt medlemsmøte.

På medlemsmøtet i dag var vi samde om at det er viktig at vi held jamleg kontakt med alle medlemmar, både dei permitterte og dei som er i jobb. Vi vedtok derfor at det vert eit nytt medlemsmøte om ei veke, fredag 6. september kl. 1300. Tillitsvalde i alle avdelingar er ansvarleg for at alle medlemmar får info om dette møtet.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com