På medlemsmøtet i dag var det kritisert at bedrifta har tenkt å permitere mange tilsette medan det vil vere oppgåver som kunne vore utført. Det er ein kritikk eg er samd i og som eg har teke opp med bedrifta. Eg ber om at alle som får permiteringsvarsel tenker på om det er oppgåver som kan gjerast sjølv om fabrikkane står. Eg ber om at medlemmane kjem til meg med argumenta, så skal eg ta opp sakene med bedrifta.

Eg har no fått beskjed om at AETAT likevel ikkje kjem til å opprette kontor her i samband med streiken. Dei permiterte må difor kontakte lokalt arbeidskontor. Ta med lønsoppgåva for i fjor. Er det nokon som har spesiell lav løn i fjor pga. permisjonar osb. så er det snittet av dei tre siste åra som gjeld.

Det er alt så langt. Det vert nok fleire spørsmål og forhåpentlegvis også nokre svar etter kvart.

Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com