YS-streik - permiteringar

Denne veka har mestparten av tida gått med til å diskutere følgene av ein YS-streik frå 29. august. Bedrifta har no bestemt at i så fall vert det mange permiterte alt frå mandag 2. september. Dei argumenterer med at når inntektene forsvinn må dei også redusere utgiftene. NOPEF vil jobbe for at flest mogleg vert i arbeid så lenge som råd. Dei som vert permiterte vil få personleg beskjed så raskt ting er avklart. Fordi det har gått ut eit generellt permisjonsvarsel med 14 dagars frist kan no dei tilsette permiterast direkte. Som eg har sagt tidlegare vil maks arbeidsløysetrygd verte 15.600 brutto. Aetat vil opne eige kontor her for å få raskt saksbehandling.

Eg ber om at dei som får problem med å betale banklån tek kontakt med banken sin raskt. Det brukar å gå greid å få ein avtale, i alle fall for ei stund.

Utsett gjennomføring av lønsoppgjeret

Eg har fått denne E-posten frå personalsjefen:

Lønsoppgjøret blir utsatt til oktober lønn pga. omdisponeringer i personal i forbindelse med den varslede steiken. Info går ut på Borena.

Det var meininga å få resultatet av lønsoppgjeret på settemberlønna. No vert det altså utsett til oktober.

Eg håper at alle trass alt får ei fin helg.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com