No er det snart helgefri igjen, i alle fall for dei som går dagtid. Med det veret vi har no håper eg alle nyttar fridagar til å nyte sola og vatnet.

YS-streik

Som eg skreiv i tidlegare Ukeaktuelt har YS varsle streik frå 23. august. Det vert mekling hos riksmeldingsmannen 27. og 28. august, så streiken kan ikkje starte før 29. august. NOPEF sine medlemmar som eventuelt vert permiterte som følgje av streiken har krav på arbeidsløysetrygd. På grunn av reglane vert maksbeløpet her 15600 kr brutto i månaden. Uorganiserte som kan ha nytte av streiken har ikkje rett til arbeidsløysetrygd. Eg vil informere nærare om reglane for permitering og arbeidsløysetrygd på medlemsmøtet 26. august kl. 1300 i Lille Kantina.

Forskjelsbehandling av foreningar

Bedrifta har etterkvart forstått vi ikkje kan leve med at tilsette vert behandla ulikt ut frå kva forening dei er i. (Våre medlemmar i R&D må kjøpe seg inn i bonussystemet, NIF og NITO sine medlemmar har i alle fått eitt års utsetting). Eg håper at vi klarer å finne ei løysing på dette utan at vi må setje i verk tiltak.

Gjennomgang av det nye lønssystemet

I samband med lønsoppgjeret vart det underskrive ein protokoll på at det skal vere "en full gjennomgang av det nye lønssystemet etter at årets forhandlinger er avsluttet. Det er enighet om at det i denne gjennomgangen vil bli lagt spesielll vekt på de tidligere tarifferte områdene". Som eg har fortalt før har vi ingen avtale på at vi skal gå tilbake til det tidlegare lønssystemet dersom vi ynskjer det. Vi må difor starte ein diskusjon i foreninga om kva slags system vi vil ha.

Bemanningsprotokoll

Det er også semje om at vi i haust skal ha ein gjennongang av bemanningsprotokollen for LBO. Skifta bør starte ein diskusjon om kva som bør endrast i protokollen.

Driftsstansavtale

Bedrifta sa opp driftsstansavtalen for vedlikahald i samband med lønsforhandlingane i år. Vi meinte at det var direkte dumt av bedriften fordi dei ville tape mest på dette. I den nye Petreokjemiavtalen som no er underteikna står det at det skal vere ein driftsstansavtale på alle bedriftene. Her blir det difor forhandlingar om ein ny avtale. Vårt krav er at vi får tilbake den gamle avtalen.

Kompensasjon for reise på fritid

I den nye Petrokjemiavtalen står det også at reise på fritid skal kompenserast, men ikkje korleis. Dette blir det også forhandlingar om i haust.

Som dykk forstår vert det ein del å ta tak i utover hausten, men først vert det jubileumsfest den 7. september. Etter kva festkomiteen seier vert dette ein flott fest for alle aldrar og kjønn.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com