No er personalsjefen og mange medlemmar tilbake, så aktiviteten på klubbkontoret aukar.

Permisjonsvarsel:

I går informerte bedrifta om at det vert gitt eit betinga permisjonsvarsel frå 23. august. YS har nemleg varsla streik frå denne datoen. Dersom det ikkje vert ein avtale kjem fabrikkane til å verte køyrde ned og medlemmane av NOPEF, (og dei andre foreiningane), risikerer å verte permitterte.

Forskjellsbehandling av foreiningane:

Under lønsforhandlingane godtok NIF og NITO eit lønnsoppgjer utan generelt tillegg, altså 100 individuelle tillegg. Bedrifta påstår no at dette medfører at medlemmane av NIF og NITO slepp å betale seg inn i bonusordninga som skal innførast i delar av R&D. (Dei slepp i alle fall å kjøpe seg inn i år, bedrifta og NITO er usamde om kva dei har avtalt). Bedrifta påstår samstundes at våre medlemmar i same miljøet må kjøpe seg inn. Dett vert sjølvsagt ein heilt umogleg situasjon. Vi har tidlegare vore samde med bedrifta om at dei tilsette skal behandlast likt uavhengig kva foreining dei er medlem av. Dette vil no bedrifta bryte og det kan vi sjølvsagt ikkje finne oss i.

Ha ei god helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com