Aktiviteten ber framleis preg av at mange er på ferie, men det skjer noko. Eg har fått spørsmål om kva som skjer på råstoff-fronten. Som eg har skrive vert framtida til Rønningen hovedoppslaget i neste nummer av PETROmagasinet til NOPEF. Eg legg ved utkastet til leiarartikkel som leiaren i NOPEF Leif Sande har skrive.

Som eg har sagt før er støtten vi får av NOPEF heilt avgjerande i arbeidet med å få investeringar i petrokjemien i Bamble. Det er berre NOPEF som har det kontaktnettet og den innfytelsen som trengs. I tillegg til det arbeidet som vert gjort lokalt er dette det store argumentet eg ser for å vere medlem i NOPEF.

Eg har oppdaga etterkvart at ikkje alle medlemmane får den informasjonen eg sender ut. Namnelista er altså ikkje komplett. No er det vel ikkje spesielt genialt å be dei som ikkje får denne E-posten om å gje beskjed. Eg ber difor i staden om at dei som får denne E-posten sjekkar i si avdeling om alle NOPEF-medlemmane har fått informasjon frå meg.

Så vil eg minne om jubileumsfesten 7. september. Dei som vil vere med må snart melde seg på. Send 100 kr. og påmelding til Else May Bye.

Ha ei god helg.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com