Det har vore ei roleg veke. Det lettar trykket på ein tillitsvald når både personalsjefen og mange av medlemmane er på ferie!

Eg har nytta denne veka til å prøve å få oversikt over dei protokollane og avtalene vi har med bedrifta som framleis gjeld. Elles har eg vore i kontakt med journalsisten i PETROmagasinet om artikkelen frå Rønningen. Eg trur det vert bra.

I samband med lønsoppgjeret har eg fått spørsmål om det rentefrie lånet skal aukast frå 150.000 til 200.000. Det skal det ikkje. Vi var samde med bedrifta i fjor om at dette lånet ikkje skulle utvidast vidare. Forhandlingsutvalet fekk også klare signal frå medlemmane i fjor om at dei ikkje ville ha ei samanblanding av lønstillegg og lån. Inntil foreninga gjer andre vedtak vert det altså ikkje reist krav til bedrifta om å utvide lånet.

Så får eg ynskje alle god helg.

God ferie til dei som byrjar på det i dag.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com