Aktiviteten ber preg av at det er sommar, men det skjer framleis noko. Arbeidet med gass og investeringar er i full fart. Mandag var journalist Harald Syvertsen frå NOPEF sitt blad PETROmagasinet her. Han skal lage ein reportasje frå Rønningen og arbeidet med å få ny fabrikk hit.

Som Roy Vardheim sa i sommartalen sin er no investeringar på Rønningen med i den strategiske 10-årsplanen til Borealis. Det er veldig bra! No får vi jobbe vidare for at det vert gjort rette vedtak i Norge slik at vi får den gassen vi treng.

Elles får vi satse på at sommarvarmen no er komen og at det ikkje vert meir torever slik vi hadde denne veka.

Eg håper at dei som no går på ferie får det fint, og dei som først les dette når dei kjem frå ferie har hatt det fint.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com