I dag kan eg byrje med godt nytt. Etter sterkt press frå NOPEF, mellom anna i AMU og Kontaktmøter, har bedrifta tilsett 6 stykker ekstra midlertidig i LBO. Tilsetjingane er knytt opp mot at det vert nødvendig å køyre både komp. og mikropettets samstundes ein periode framover. Kontraktane gjeld fram til 1. november. Ein skal vere forsiktig med å nemne nokon framfor andre, fagforeiningsarbeid må vere lagspel skal det fungere, men Jorunn Krogstad har gjort ein kjempeinnsats i denne saka.

Eg har fått nokre innspel vedr. feriepengane. Det forstår eg godt, dette er ikkje enkelt. Eg har sjekka dei spørsmåla eg har fått med bedriften, og eg har sjekka praksis i andre bedrifter. Så langt eg forstår er reknemåten rett og i samsvar med det andre bedrifter gjer.

I BU-møtet tirsdag tok NOPEF opp kritikken medlemmane har i samband med lønsoppgjeret: Det var nok ein gong delt oppgjer kroner/prosent, altså mest til dei som tener mest frå før. I tillegg har leiarane bonus. Når dei då har som mål å redusere kostnadene får dei bonus for å kutte og vi sit att med ekstraarbeidet. Dersom det er behov for å kutte kostnader må det byrje på toppen. Vi nemnte konkret vaktgodtgjerdsle for leiarar og at bedrifta prøvde å redusere kompensasjonen for overtid, men dei ville ikkje redusere kompensasjonen for dei som ikkje har betalt for overtid. (45.000 i året). Desse siste punkta ville Roy Vardheim sjå vidare på saman med RL. Det var ingen andre foreiningar som følgde opp kritikken frå NOPEF.

Onsdag og torsdag skulle det vere forhandlingar på Petrokjemiavtalen, den overordna avtalen for Nordetyl, Boralis Rønningen og etter kvart Beredskapen AS. Vi kom så vidt i gong med forhandlingane på onsdag før alt vart utsett til seinare på sommaren.

Dei som går ut på ferie no vil eg ynskje GOD SOMMAR. Vi andre får vente litt til.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com