Her kjem ukeaktuelt. Det viktigaste denne veka var utan tvil medlemsmøtet med avstemming over lønsoppgjeret. Som eg har skrive før vart det eit knapt fleirtal for å vedta oppgjeret. Onsdag og torsdag neste veke er det forhandlingar på Petrokjemiavtalen, ein overordna avtale vi har felles med Nordetyl og Beredskapen A/S.

I dag hadde Olaug og eg møte med medlemmar i merkantil for å diskutere situasjonen etter den varsla omorganiseringa. Det har ikkje vore råd å ha dette møtet før fordi både Olaug og eg først har vore i forhandlingar og deretter vore ute og reist. Medlemmane er naturlegvis frustrerte, men vi fekk nyttige innspel. NOPEF vil sjølvsagt arbeide for at våre medlemmar kjem best mogleg ut av situasjonen.

God helg.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com