Kl. 14 i dag var det medlemsmøte med avstemming over lønsoppgjeret. 37 stemte NEI, 2 var blanke og 40 stemte JA. Avstemmingsresultatet vart altså veldig tett, men NOPEF har med dette vedteke resultatet av lønsoppgjeret i år.

Mitt inntrykk frå møtet er at det ikkje først og fremst er resultatet i seg sjølv medlemmane er misfornøgde med, men profilen. Det var nok ein gong delt oppgjer kroner/prosent, altså mest til dei som tener mest frå før. I tillegg har leiarane bonus. Når dei då har som mål å redusere kostnadene får dei bonus for å kutte og vi sit att med ekstraarbeidet. Dersom det er behov for å kutte kostnader må det byrje på toppen.>

Denne kritikken er eg heilt samd i. Eg har alt framført han for personalsjefen og direktøren, og eg kjem til å ta det opp att i meir formelle fora seinare.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com