Denne veka har eg har vore på DuPont-kurs om tryggleik heile tirsdag, onsdag og torsdag. For å seie det forsiktig passa ikkje det spesielt godt veka etter lønsforhandlingane, med eit oppgjer som er anbefalt, men ikkje stemt over.

Resultatet av det anbefalte oppgjeret har eg sendt ut før, så det skriv eg ikkje om ein gong til. Vi hadde medlemsmøte mandag 3. Det var semje om at dette møtte var kalla inn med så kort frist at det ville vere feil å stemme over resultatet på dette møtet. Særleg skiftfolk viste ikkje om at det var møte. Avstemminga vert mandag 10. juni kl. 1400 i Lille Kantina. Det er viktig at medlemmane møter opp her slik at resultatet av avstemminga vert representativ. På medlemsmøte var det mange kritiske røyster. Slik eg oppfatta kritikken gjekk han i hovudsak på at det var eit delt oppgjer kroner/% og ikkje eit reint kronebeløp. Dette er ein kritikk forhandlingsutvalet er heilt samde i, men då det ikkje var råd å få bedrifta med på reint kroneoppgjer valde vi likevel å anbefale det framlagde tilbodet. No er det opp til medlemmane å vedta eller forkaste tilbodet.

Dei fleste fekk vel med seg i går at det truleg ikkje vert noko av gassrøret til Polen. Eg har fått spørsmål om kva det har å seie for Rønningen. I utgangspunktet betyr dette ingenting for oss. Gassen til Polen er tørrgass, vi treng våtgass. Vi snakkar om transport med båt eller helst eige rør hit. For industrien i Grenland samla sett er det viktig å få tørrgass. No har det vore kjent i nokre månader at det ville vere lite sannsynleg at det vart noko av røret til Polen, så det er alt i gang eit arbeid med andre alternativ. Ut frå meldinga i går er det altså ikkje nokon grunn til å verte deprimert når det gjeld framtida til Rønningen.

Den tida denne veka eg ikkje har vore på kurs har eg jobba med moms på PC. Eg har fått kritikk for at eg ikkje har engasjert meg i denne saka. Det er ei misforståing, men eg har ikkje som vane å rope høgt at denne saka skal eg fikse. Då kan fallhøgda verte stor. Det eg lovar når det gjeld denne saka er at eg jobbar for at bedrifta skal betale heile momsbeløpet.

I dag var eg på det første ordinære årsmøtet i NOPEF avd. 15, Beredskapen A/S. Eg overrekte ei gåve frå avd. 14 med ynskje om eit godt samarbeid med den nye avdelinga.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com