Her kjem endeleg meir nytt frå avd 14. No i mai har eg oppdaga fordelen med å gå dagtid. Det er alltid kjekt med ekstra fridagar. På den andre sida må eg vedgå at eg saknar langfria, så ein kombinasjon med dagtid og langfri er nok det ideelle.

I veke 19 var det årsmøte i LO i Grenland. (Tidlegare Grenland Samorg). Olaug Hole vart vald inn i styret og Jorunn Krogstad vart vara, så petrokjemien, og Borealis spesielt, er godt representert. Det vart i det heile valde inn fleire kvinner i år, så kjønnsfordelinga tek til å verte brukbar.

I veke 20 hadde vi besøk av LO-sekretær Ellen Stensrud. Ho sit i styret for Statoil og det var LO-sekretæren i Telemark, Knut Liljeberg, som ordna møtet. Frå NOPEF møtte representantar frå Hydro Pollymer, Nordetyl, og Olaug og eg frå Borealis. I tillegg stilte Lill Heidi Bakkerud, konserntillitsvald i Statoil, opp nok ein gong. Som eg har sagt før: Vi på Rønningen kan vere veldig glad for at Lill Heidi sit der ho sit. (Det var kanskje eit dårleg bilete, Lill Heidi sit ikkje mykje). Direktør Per Vold frå Herøya orienterte Ellen Stensrud generelt om Gass til Grenland og spesielt om tørrgass. Roy Vardheim orienterte om behovet for våtgass. Etterpå var det synfaring på Rafnes og Rønningen og vi tillitsvalde kom med våre synspunkt. Det vart avtalt at Gerd Liv Valla skal be om eit møte med Olje- og Energiminister Einar Stensnes for å legge fram LO sitt syn om at staten må inn for å sikre Gass til Grenland. Både vi tillitsvalde og Ellen Stensrud syntest det var eit nyttig møte.

Denne veka var det stiftelsesmøte i NOPEF avd. 15, den nye NOPEF avdelinga for Beredskapen A/S. Sjølv om det framleis er uavklarte saker ser det no ut til at beredskapen flyttar til helga. Det vert ikkje berre vemodig, mange føler seg også usikre, både av dei som flyttar og dei som vert att.

Neste veke er det lønsforhandlingar onsdag, torsdag og fredag på Høyers i Skien. (Bedrifta har bestemt at forhandlingane skal foregå utanfor huset). NOPEF har stilt svært moderate krav, men ut frå signala frå bedrifta ser det likevel ut til å verte vanskelege forhandlingar. Medlemsmøtet var heilt klart på at vi har ikkje noko å gå på. Eg håper bedrifta forstår det.

Mandag og tirsdag er Olaug og eg på mediekurs i Oslo. Som vel dei fleste framleis hugsar hadde eg eit utspel i media om Gass til Grenland like etter at eg overtok som leiar. Det var ikkje eit spesielt genialt utspel, og eg fekk tips om at eit mediakurs kunne vere vel investerte pengar. Det tek eg altså no konsekvensen av.

Med kurs mandag og tirsdag og forhandlingar utanfor huset onsdag, torsdag og fredag vert altså kontoret ubemanna heile neste veke. Er det noko viktig kan dykk ringe meg på mobil 908 45 300.

Ha ei god og sikker helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com