Hei!

Her ei vårhelsing. Det er mogleg at eg provoserer dei som er allergiske mot pollen, men for oss andre er det ei flott tid. Eg tykkjer alltid at våren er fin, men ein tidleg vår er ekstra fin. Eg kan ikkje hugse at bjørka tidlegare har vore grøn i god tid før 1. mai.

Denne veka har også dreia seg mykje om beredskapen. Som eg skreiv i forrige veke fekk beredskapen på Rønningen etter medlemsmøtet 18.04 tilbod om eit høgre beløp som kompensasjon for redusert forsikringsordning. Dei aksepterte dette tilbodet, men utan entusiasme. Som ein sa følte han at tilbodet var av den type mafiaen gir. Dei gir som kjent lite rom for val. Beredskapen på Rafnes kravde å få oppretthalde avspaseringstimane dei har hatt. Bedrifta nekta å gje meir enn det som låg i tilbodet 18.04, og det enda med at fleirtalet av beredskapen på Rafnes også aksepterte tilbodet. Dermed er det semje om ein avtale for å opprette ein felles beredskap i eit eige selskap. Om alle frå den gamle beredskapsstyrken vert med over i det nye selskapet gjenstår å sjå. Etter lova har dei full rett til å vere att i sitt gamle selskap. Det er også klart at NOPEF i Beredskapen A/S vert eiga avdeling i forbundet. Dei får avdeling nr. 15.

Onsdag var det HMS-dag i Porsgrunn. Søkelyset var sett på Inkluderende Arbeidsliv. Det var interessante foredrag. Eg hadde mest sansen for Ebba Wergeland. Som kjent består Inkluderende Arbeidsliv-konseptet av 3 delar: Reduksjon av sjukefråværet med 20%, få fleire arbeidsvalghemma i arbeid og å få den reelle pensjonsalderen opp. Ebba Wergelend påpeikte at det vert vanskeleg, ho sa uråd, å senke sjukefråværet samstundes som fleire arbeidsvalghemma kjem i arbeid og den reelle pensjonsalderen går opp.

Fredag og i dag hadde styret og hovedtillitsvalde tariffkonferanse. Konferansen skulle vore på Skjærgården, men der er det som kjent streik. Vi ville sjølvsagt ikkje legge konferansen til eit hotell om ikkje er i streik, så vi arrangerte konferansen i Plenum. Krava vert endeleg vedtekne på medlemsmøte 06.05. kl. 1100 i Plenum.

Eg vil oppmode alle medlemmar om gå i 1. mai tog. Det er viktig at vi markerer støtte til kravet om gass til Grenland. Eg reknar også med at mange vil markere internasjonal solidaritet.

Det byrjar vel å verte litt seint å ynskje medlemmane god helg, men eg kan vel i alle fall håpe at dei som er på arbeid i helga får det roleg.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com