Hei!

Her kjem ukeaktuelt for uke 16-02. (Det er ikkje så lett å stadig finne på nye grensesprengjande, varme og poetiske byrjingar på denne informasjonen).

Denne veka har det gått mykje tid til arbeidet med felles beredskap Rafnes - Rønningen, Beredskapen A/S. Som eg skreiv i forrige ukenytt er det lite å hente for våre medlemmar i forslaget til avtale, medan Rafnes som kjem opp på nivået til Rønningen vil få ein gevinst. På toppen av det heile vil det nye selskapet få same forsikringsordningane som Nordetyl har i dag. Desse ordningane ligg klart under våre ordningar. For å kompensere for dette vil bedrifta betale ein eingongssum til beredskapen på Rønningen. I går var det felles medlemsmøte mellom beredskapen på Rafnes og Rønningen. Det var der misnøye med særleg to punkt i avtalen: For Rafnes sin del er avspaseringa redusert frå 72 til 36 timar. Dei frå Rønningen var misnøgde med eingongssummen. Møtet ville difor ha betring på desse punkta. For Rønningen sin del fekk vi betra eingongssummen. Når det gjeld avspaseringa får vi sjå om bedrifta kjem med eit betre tilbod.

Det nærmar seg lønsforhandlingar. Styret og hovedtillitsvalde skal ha ei samling 26. og 27. for å diskutere krav. Det er viktig at medlemmane kjem med sine krav før dette. Det vert eit medlemsmøte 6. mai kl. 11 som vedtek krava. Det er viktig at medlemmane møter på dette møtet!

Arbeidet med råstoff går sin gang. Her er mange gode krefter i arbeid, både på Rønningen og i resten av Grenland.

Det får vere alt for denne gong.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com