Hei!

Denne arbeidsveka går også mot slutten, i alle fall for dagtidstilsette.

På kontaktmøtet på mandag vart omorganiseringane i BUene og R&D diskutert. Roy Vardheim gjorde det heilt klart at dei som vert ramma av omorganiseringane skal verte behandla etter norske lover og reglar sjølv om dei er tilsette corporate. Vi diskuterte også framtida til R&D på Rønningen. Vi gjorde det heilt klart at sjølv om NOPEF har få medlemmar i dette miljøet meiner vi at forskingssenteret er avgjerande for framtida på Rønningen. Vi vil difor kjempe mot alle forslag som svekker senteret.

Onsdag var det forhandlingar om løns- og arbeidsvilkår for dei tilsette i ein eventuell felles ny "Beredskapen AS". Dei fleste av dei noverande kompensasjonane for beredskapen er høgre på Rønningen enn på Rafnes. Ut frå bedrifta sitt tilbod så langt vil dei tilsette frå Rafnes i eit eventuelt nytt selskap få betra sine vilkår, medan våre medlemmar får lite. Dette er ei utfordring.

Bedrifta har sendt ut ei spørjeundersøking om kompensasjonane våre og kva som er viktigast for dei tilsette. Bedrifta har som målsetjing å spare 3 millionar på kompensasjonar i 9Q prosjektet. Vi har sjølvsagt ikkje sagt ja til det, men det er klart at det også for oss er ein fordel å vete kva kompensasjonar som er viktigast for våre medlemmar slik at vi set inn kampen der det betyr mest. Vi trur difor at det kan vere lurt å svare på undersøkinga.

Ha ei god og sikker helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com