Hei!

Så er påska over. Eg veit at ein del av våre medlemmar måtte jobbe medan andre slappa av, men eg håper dei fleste både på jobb og på fri hadde ei fin påske. Eg hadde i alle fall det.

Etter påske har vi halde fram med arbeidet for auka råstoff og investeringar. 3. påskedag hadde vi besøk av Øyvind Gregersen, nestleiaren i forbundet. Saman med "gassutvalget" på Borealis fordelte vi personar som skulle kontaktast og saker som må sjekkast ut. Anne Blaker, som sat i LO og AP sitt utval som utreda bruk av gass, er godt i gang med kontakta med AP sentralt. Ho jobbar også med Høgre. Eg har kontakta Frp. Som vel dei fleste veit er eg ikkje på linje med Frp. politisk, men partiet er no av ein slik størrelse at det har innflytelse. Det vert sjølvsagt også jobba innad i Statoil. Her er vi heldige som har Lill Heidi Bakkerud som konserntillitsvald. Ho gjer ein kjempejobb for oss her. Etter at Øyvind var ferdig her på huset hadde vi møte med Knut Liljeberg, LO sekretæren i Telemark. Både NOPEF og LO gjer ein kjempejobb for å få råstoff hit.

På styremøtet 3. april diskuterte vi disse sakene:

Eg minner på nytt om:

Heimesida til NOPEF sentralt: http://www.nopef.no/
Heimesida til NOPEF avd. 14: http://www.bitjungle.com/nopef14/

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com