No er det plutseleg helg att. Vi er vel mange som opplever at vekene går fort.

Mandag hadde vi møte i "Gassforum Rønningen". Vi diskuterer korleis vi kan legg meir press i arbeidet for å få råstoff og investeringar hit. No er det viktig at alle nyttar det kontaktnettet dei har.

Vi har byrja å diskutere KPIar for LBO. Dersom andre avdelingar ikkje har byrja med dette må dei tillitsvalde legge press på leiinga for å kome i gang raskt.

Arbeidet med ein felles beredskap går sin gang. Leiinga er klare på at dette skal gjennomførast. Vi har byrja arbeidet med å lage ein ny felles tariffavtale. Det framleis meininga at det nye selskapet skal starte opp 01.06.

I dag var det AU-møte i LBO. Leiinga kjem til å setje i gang den nye organisasjonen med ein operatør mindre og ei "pølsegruppe light" frå 01.04.

Det har også vore møte i styret og bedriftsforsamlinga i dag. I bedriftsforsamlinga vart årsmeldinga og rekneskapet for 2001 lagt fram. Som vel alle veit var ikkje det økonomiske resultatet mykje å skryte av.

Eg har fått kommentarar på at eg er vanskeleg å få tak i på kontoret. Det er nok ein korrekt observasjon. Eg vil minne om at det er råd å ringe meg på mobiltelefon. Eg er på VIP-nettet, så dersom du slår 17176 vert samtalen automatisk sett over til mobilen. Mobilnummeret mitt er 908 45 300. Eg kan nok ikkje alltid love at eg svarar på mobilen heller, men eg ser i alle fall kven som har ringt slik at eg kan ringe tilbake.

Eg har tenkt å ta fri mandag, tirsdag og onsdag til veka. Når eg no er komen på dagtid vil eg nytte meg av dei fordelane som dette gir. Eg har gått skift i nesten 25 år, og kan telje på ei halv hand dei åra eg har hatt fri heile påska.

Eg ynskjer alle ei god påske og eg tenker særleg på dykk som må vere på jobb.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com