Som kanskje nokon merka kom det ikkje ukenytt på fredag. (Det er mogleg at eg er for optimistisk, kanskje ingen merka at mine gullkorn ikkje dryssa ut over medlemmane.) Fredag var nemleg styret på lagbygging, så det vart ikkje tid til ukenytt. Etter det som skjedde i fjor haust følte styret behov for å lage nokre spelereglar for arbeidet i styret. Det var ei vellukka samling.

Elles byrja veka med oppklaring mellom vedlikehald og HPPG. Vår vedlikehalds-avdeling fekk plutseleg vete at det var meininga å leige dei ut til 3. part. Dette var heilt ukjent og vekte sterke reaksjonar. Det er no semje om at vi diskuterer dette over påske og at det ikkje er aktuelt å leige nokon ut til 3. part før vi har fått diskutert problemstillinga og eventuelt laga ein avtale som regulerer dette.

Vi driv også å diskuterer løysing på korleis vi skal organisere LBO når ein person vert fjerna frå skiftet. Det er no høyring på alle skifta. Vi får håpe at det vert ei løysing vi kan leve med. Det seier seg sjølv at ting vert ikkje lettare med færre personar til å løyse oppgåvene. Det er noko vi har merka i dei fleste, (alle?), avdelingane dei siste åra.

Vi held også fram med å diskutere gass. Vi har her eit tett samarbeid med bedrifta.

Eg ber alle medlemmar byrje å tenke på krav til tarifforhandlingane. Eg ber dykk spesielt tenke på om det er andre krav i tillegg til reine pengekrav vi kan stille.

Veka slutta bra. Laurdag var eg på Borealisrevyen. Revygjengen er flinke! Eg var ikkje mykje nemnd, men eg merka meg at dokka som symboliserte meg i personalrekneskapet var veldig liten og tynn!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com