I dag vil eg byrje med å gratulerer alle kvinnelege medlemmar med dagen! Eg er ikkje i tvil om at sjølv om det har skjedd mykje når det gjeld kvinnefrigjering er det framleis viktig å markere kvinnedagen.

På mandag var det medlemsmøte. Der var det omlag 20 som møtte. Vi vedtok å behalde toppsikringa sjølv om eigenandelen har gått opp til 3.000 kr. Vi vedtok også å gå inn for ein felles Petrokjemiavtale for Nordetyl, Borealis og på sikt Hydro Pollymer. Dersom denne avtalen vert noko av kjem han i staden for Bransjeavtalen vi er på i dag. (Den lokale Særavtalen vil halde fram som før). Medlemsmøtet vedtok også å løyve 15.000 kr til oljearbeidarmonumentet som skal avdukast i Stavanger i samband med NOPEF sitt 25-års jubileum 1. mai i år. Vi har søkt bedrifta om ein tilsvarande sum.

Onsdag og torsdag var Olaug og eg i Stavanger på NOPEF sin tariffkonferanse. Det var interessante diskusjonar, men vi følte at det vart mykje Nordsjø og mindre land. Når vi var i Stavanger nytta vi høvet til å snakke om Gass til Grenland. Vi hadde møte med Lill-Heidi Bakkerud, konserntillitsvald i Statoil, Lars A. Myhre og Leif Sande, tidlegare og noverande leiar i NOPEF. Vi er noko uroa for tempoet og timinga i beslutningane som må gjerast, men alle vi snakka med er personleg engasjert i å få råstoff til Bamble, så vi får satse på at det går bra.

Som eg har sagt tidlegare er det viktigaste vi kan jobbe med no råstoff og investeringar til Bamble. Det er mogleg at eg no provoserer nokon, men eg er ikkje i tvil om at dette er mykje viktigare enn lønsoppgjeret. Utan fleire tonn å dele kostnadene på vert produksjonen her for dyr og vi har under 10 år att på Rønningen.

Det får vere nok for denne gong.

Eg håper at dykk som skal vere på jobb i helga får det roleg, og eg ynskjer alle ei god og trygg helg.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com