Denne veka har også vore konsentrert om gass til Grenland. Mandag var eg på eit møte på LO-kontoret i Porsgrunn med dei tillitsvalde i G7-bedriftene. (NORCEM, Borealis, Hydro Polymer, Nordetyl, Hydro Porsgrunn, Eramet, Union). Vi planla der besøket til olje- og energiminister Einar Stensnes. Vi var samde om at LO-sekretær Knut Liljeberg skulle legge fram LO sitt syn.

I dag har altså Stensnes vore her på invitasjon frå Telemark Gassforum. Dessutan var stortingsrepresentantar, ordførarane i Grenland, sentrale fagforeningsrepresentantar, representantar frå Rogaland, PIL, Statoil, presse og andre sentrale personar invitert. Det var ei god "vaksenopplæring" der ein fekk vete kor viktig tørrgasleidninga, våtgassleidninga og inovasjonseteret for gass er for Grenland og Norge. Stensnes var veldig positiv og lovte at det vil kome ei tørrgassledning til Grenland når gassen kjem til austlandet. Spørsmålet er når, men ledinga til Polen er første sjanse. Det er også godt håp om våtgassledning, som er avgjerande for oss. Vi får berre håpe at avgjerdene kjem tidsnok.

Elles har vi fått behalde portvakta på 6-skift, i alle fall førebels. Vi hadde eit møte med Roy Vardheim og forklarte kor viktig vi ser på å ha ein stad med alternativt arbeid. Han lovte å vurdere dette og i dag fekk eg denne E-posten frå L. T. Grimsland: "Det har vært et sterkt ønske fra organisasjonen å beholde portvakta her på Rønningen grunnet behovet for "alternativt arbeid". Bedriften har etterkommet dette ønsket under forutsetning av at portvakta fortsatt vil inngå som en del av den totale kabalen for kostnadsreduksjon i LBO. Hvordan dette skal ordnes i praksis vil vi komme tilbake til."

Så vil eg minne om medlemsmøtet kl. 1600 mandag 04.03.02.

Ha ei god helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com