I denne veka har det vore mest snakk on Gass til Grenland. Det byrja i helga på årsmøtet til Telemark KrF. Der var både leiar av Energi- og Miljøkomiteen på Stortinget, Bror Yngve Rahm, og olje- og energiminister Einar Stensnes. Jan Erik Gyllensten, vår tidlegare nestleiar og noverande ordførar i Bamble, nytta sjølvsagt høvet til "vaksenopplæring". Stensnes gjekk veldig langt på Telemarksendinga etterpå i å love gass til Grenland. Jan Erik Gyllensten har gjort ein kjempeinnsats når det gjeld å få gass hit.

Mandag og tirsdag arrangerte Kjemisk og NOPEF seminar i Porsgrunn. Styret i NOPEF avd. 14 stilt med 7 stykker. Det var eit interessant seminar og politikarane som var der på tirsdag var veldig positive til å få gass til Grenland. Ut frå desse signala ser prosessen positiv ut.

Fredag 01.03 kjem Stensnes til Borealis saman med Telemarksbenken. Då er det tid for meir "vaksenopplæring". Som sagt er signala så langt gode, men vi kan ikkje slappe av og tru at gassen er sikra. Difor sender vi også 3 stykker frå styret på LO sin gasskonferanse i Bergen 28.02 og 01.03.

God helg.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com