Så er det plutseleg tid for ukeslutt igjen. Det er vel ikkje berre eg som føler at vekene går fort.

Denne veka har vi byrja å diskutere ein avtale om vedlikehald og HPPG. Eg reknar med at vi klarer å verte einige. Onsdag var eg hos PIL i Oslo, arbeidsgivarane, saman med representantar for NOPEF sentralt, Polymers og Nordetyl for å diskutere ein felles "Petrokjemiavtale" i staden for "Bransjeavtalen" vi er på no. Slik vi ser det no vil ein slik "Petrokjemiavtale" vere ein fordel for oss fordi vi vil få ein lokalt forankra avtale. Avtalen vil i utgangspunktet vere lik den vi har i dag. Denne saka vil verte diskutert på eit medlemsmøte den 4. mars.

Mandag og tirsdag er det ein konferanse i Porsgrunn om Gass til Grenland. NOPEF avd. 14 stiller med 7 stykker på denne konferansen. Denne konferansen vert arrangert av NOPEF og Kjemisk. Sentrale politikarar og næringslivsleiarar stiller. Vi får håpe at dette er med å få gassen eitt skritt nærare Grenland.

Mandag og tirsdag kjem også John Taylor til Rønningen. Styret prøver å kombinere dette besøket med gasseminaret. Vi skal i alle fall få med oss det andre allmøtet.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com