Etter intervjuet Telemarksendinga hadde med meg 29.01 har vorte reist spørsmål om kva NOPEF avd. 14 no meiner om gass til Grenland. Styret hadde møte på onsdag 06.02 og det var der full semje om at klubben framleis meiner det vi vedtok på årsmøtet i fjor. Eg legg ved dette vedtaket.

Styret diskuterte elles vedlikehaldsavtalen med Hydro. NOPEF har enno ikkje nokon avtale med bedrifta om dette. Vi har sagt at før vi har ein avtale må det vere frivillig for vedlikehaldsmannskapet å reise. Det vert forhandlingar om ein slik avtale på mandag.

Vi har klaga over at omsttillinga/nedbemanninga no går så raskt at vi ikkje klarer å følgje med. For å prøve å rette på dette har fagforeiningane no kontaktmøte med leiinga kvar mandag. Har du spørsmål eller problemstillingar til desse møte så ta kontakt med meg eller Olaug.

18. og 19. februar kjem John Taylor på besøk. Vi vil gjerne høyre frå dei medlemmane som har spørsmål vi bør stille til han.

Eg er ikkje på kontoret tirsdag, onsdag og torsdag. Dykk kan ringe Olaug på 7984 eller meg på mobil 908 45 300.

Ha ei god helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com