Dette har vore ei interessant veke med ein klar topp på tirsdag. Ein kan vel seie at av og til kan det lønne seg å halde kjeft. Eit mediekurs ville sikkert vere vel investerte pengar! No har ikkje heile veka gått med til å motta meir eller mindre velfortent kjeft frå frustrerte medlemmar, litt tid har det vore til anna også.

I samband med diskusjonen om framtida til beredskapen er det no endeleg sett ned ei gruppe frå drift som ser på kva tenester skal vi krevje levert av eit eventuelt nytt selskap. Det er også sett ned ei gruppe som skal sjå på samordning. Her er det med folk frå Veritas, vernetenesta, tillitsvalde og leiinga.

Bedrifta vurderer å la portvakta gå over til 2-skift. Det var eit informasjonsmøte om dette denne veka. Frå foreininga har vi sagt at dette forslaget er vi veldig negative til. Portvakta har ei klar rolle å spele heile døgnet. I tillegg er vi klart i mot at bedrifta kuttar ned på alternative arbeidsplassar.

AU i LBO har diskutert kutt i bemanninga. Som kjent har leiinga planar om å kutte 10 stk, 4 på dagtid og ein på kvart skift. Det var semje om at dersom det vert kutt må skifta organiserast på ein slik måte at det styrkar lagbygginga.

Ver forsiktig på glatta!

Ha ei god helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com