Som vel ein del har fått med seg var det eit innslag på Telemarksendinga til morgonen i dag om gass til Grenland. I introduksjonen vart det sagt at det no er splitting i kreftene som jobbar for å få gass til Grenland. Dessverre vart ein stor del av intervjuet klipt vekk slik at det eg sa om støtte til prosjektet og spesielt om etanrør til Rafnes ikkje vart med. Det har ikkje vore mi meining å splitte arbeidet, tvert i mot var poenget som eg prøvde å få fram at det er viktig å få med alle, også miljørørsla, i arbeidet med å få gass til Grenland. Eg ser klart at mi vesle erfaring med media har skapt eit utilsikta resultat.

Det vart gjort ein nytt intervju med Jan Erik Gyllensten frå Telemark Gassforum og meg som truleg vert sendt i ettermiddagssendinga. Eg håper det kan rette opp noko av inntrykket morgonsendinga gjorde.

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com