Det nye styret hadde i dag sitt første møte. Vi var samde om at det viktigaste framover vert å samle og aktivisere klubben. Elles brukte vi mykje tid på å få oversikt over kostnadskutta som er på gang. Prosessane går fort, etter mi meining til dels over stokk og stein. dette vil vi ta opp med bedrifta.

Styret gjorde nokre val som etter vedtektene ligg til oss og ikkje årsmøtet: Olaug Hole er representant til CCC, Rune Mathisen er datatillitsvald/IT-ansvarleg og Leif Sagafos er likestillingstillitsvald. Sosialtillitsvald vil verte vald seinare. Geir Olsen vart vald til sekretær medan Ann-Karin Pedersen har permisjon.

Vi prøver også å få i gang rutiner. Vi har bestemt at det vert styremøte den første onsdagen i kvar månad og møte for arbeidsutvalet kvar fredag.

Ha ei god helg!

Helsing Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com