I dag har det vore forhandlingar om dagtidsgruppa, kompensasjonar og overgang til 6-skift.

For å ta dagtidsgruppa først: Det vert ei gruppe på 8 i LBO. Det er 1-årige åremålstillingar. 3 stk. avløyser PTane, dei 5 andre går inn i staden for operatørar som skal i nettverk. Ein i inspeksjonsnettverk, 4 i El/Aut og mek. Dei i dagtidsgruppa går formiddagskift, 0645 - 1500, sluttar 1115 på fredag. Dei som skal i nettverk går dagtid, 0800 - 1600, i staden for formiddagskifta, altså 5 skift i perioda. (Det vart ikkje noko av 4 veker i nettverk.)

I tillegg til desse vert det ei åremålstilling i inspeksjon og ei fast dagtidsstilling på KK-lab.

Bedrifta ville i utgangspunktet at dei i dagtidsgruppa skulle få nedtrappa skifttillegg og overtid som dagtidstilsette. Dei ville heller ikkje gje kompensasjon ved overgang til skift og ingen kompensasjon ved bytte av skiftplan.

Eg er ofte ein roleg person, men bedrifta sine forslag provoserte meg. For å gjere ei trist historie litt hygglegare fekk vi etter dyktig innsats frå Nopef's forhandlingsgruppe ei brukbar løysing: Skifttillegget og overtidskompensasjonen vert behalde for dei som er på åremålsstilling i dagtidsgruppa. Kompensasjon ved overgang til skift vert etter særavtalen og alle i LBO får ein kompensasjon på 2.000 kr. for at vi bytter skiftplan.

Bedrifta vil gå over til ny skiftplan 05.03.01. Vi reiste tvil om alt kan vere på plass til den tid og foreslo 19.03.01. Truleg dett bedrifta ned på dette. Det vil vi få vete i morgon. Overgang til ny skiftplan vert i alle fall ikkje før 05.03.01.

Protokollen vil være ferdig formulert 15/1 01.

Helsing fra forhandlingsgruppa. Runar Fjeld. Hans Ødegaard. Jan Arne Johnsen


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com