Diskusjon om nedbemanning i drift, 6-skift / 7-skift

Mandag og tirsdag denne veka var det møte i gruppa som AU i LBO sette ned for å vurdere forskjellige måtar å organisere drifta på. For å stoppe eventuelle rykter med ein gong: Vi har sjølvsagt ikkje teke noko avgjerd om det skal vere 6-skift eller 7-skift. Dette hadde vi korkje mandat eller fullmakt til.

Samlinga byrja med at Roy Vardheim sa at 7-skift ikkje har verke etter intensjonen og fastkosten er framleis for høg på Rønningen. Det er no eit sterkt press for å få ned talet på tilsette. Eg påpeikte at målet på 350 tilsette på Rønningen er bedrifta sitt tal, det er ikkje er NOPEF sitt. Vardheim var samd i det, men talet stod fast. Utan at gruppa tok noko standpunkt til ei eventuell nedbemanning i LBO såg vi på to moglege løysingar: Ei 6-skiftsordning med ein dagtidsgruppa der skiftbemanninga er den same som i dag og ei 7-skiftsordning der skiftbemanninga er redusert med 2. Vi såg på fordelar og ulemper på begge løysingane utan å trekke nokon konklusjon om kva løysing vi gjekk inn for. Det var også semje om at dersom vi går tilbake til 6-skift på Rønningen er det ikje noko automatikk i at det vert same 6-skiftplan som vi hadde.

Rapporten frå gruppa skal no presenterast i LBO sitt AU 18/10. Deretter går han ut til høyring på alle skifta, tilbake til AU og deretter til BU. Etter det vert det truleg ei sak mellom foreiningane og bedrifta.

Dette er berre ei kort orientering for å unngå rykter.

Helsing, Hans


Nopef Avd. 14
3960 Stathelle
Tlf. 35577000
nopef@bitjungle.com